Studiegruppe

Det er no opna for lærlingane våre i fellesarealet her ved Opplæringskontoret alle torsdagar frå kl 12-16. Det vert studietid og jobbing med logg. Her vert det tilrettelagt med internett og tilgong til biblioteket til OK Austevoll. Dei rådgjevarane som er til stades er opne for spørsmål/diskusjonar. Me vil også tilby litt «Brain Food» frå kl 14.00. Her vil være ro til å arbeide med logg, Elskolen, Olkweb eller andre forberedelser fram mot fagprøve. Me håper så mange som mogleg vil nytte tida godt, og komme til fastsatt tid då me ser at for mange ligg etter med loggarbeidet sitt. Hugs å avtale med bedriften din at du kan gå på studiegruppe. Ta med eigen PC og læremateriell.




VEL MØTT